Spesielle attraksjonar og turtilbod

Sjodalsområdet har mange attraksjonar med basis i natur og kultur. Mange av desse utgjer ”bakteppet” for turismen, utan å vera spesielt tilrettelagde for det. Som eksempel kan nemnast dei mange fangstgravene, bua etter den legendariske Jo Gjende, litteratur med tilknyting til området (eks. Ibsens Peer Gynt), kulturlandskapet rundt setrene, gammal og stor fjellfuruskog, spesielle kvartærgeologiske førekomstar og ymse verneområde. Som eksempel på lett tilgjengelege og marknadsførte attraksjonar og friluftsområde kan nemnast Ridderspranget, Besseggen, Gjende og Hulderstigen.

Ridderspranget
Ridderspranget er eit juv i Sjoa, kjent frå segnlitteraturen. Segna handlar om riddaren Sigvat på Kvie i Valdres, som på 1300-talet ein gong røva ei jente frå riddaren Iva Gjæsling på Sandbu i Vågå. Jenta som vart kalla Skårvangs-sole fordi ho var så vakker, var glad i Sigvat og ville ikkje gifte seg med Iva. Sigvat henta jenta, sette garden Sandbu i brann og drog innover Sjodalen. Iva tok opp jakta med følgjet sitt og nådde att Kvieriddaren ved elvejuvet. Sigvat tok jenta under armen og hoppa over. For å vise korleis det ville gå med den første som prøvde seg, støytte Sigvat ein av sine eigne menn ned i fossen.

Ridderspranget er skilta frå riksveg 51. Ved parkeringa er det ei enkel tilrettelegging med informasjon, benkar/bord, toalett og avfallscontainer. Frå parkeringsplassen er det ein kort spasertur fram til juvet. Det er ei viss sikring på juvkanten. Vi åtvarar på det sterkaste mot å prøve på å hoppe over juvet. Det er livsfarleg.

                                                                                                                                 Hulderstigen

Hstigen9.jpg


Hulderstigen kallast den 5,5 km lange natur- og kulturstigen som startar ved Russlia i Sjodalen. Den vart opna i 1992, og traseen går i lett turterreng med ei sløyfe rundt Nedre Birisjøtjønn, der det er tilrettelagt ein liten rasteplass. Det er sett opp 15 informasjonstavler undervegs, med opplysningar om natur- og kulturhistoriske emne knytt til Sjodalsområdet. Ca. 1 km går i Stuttgonglia naturreservat. Kvar sommar er det ca. 20 personar som går stigen dagleg. 

Gjende

gjende.jpg

Gjende (av gammalnorsk gandr = rett, bein) er ein markant fjellsjø, 984 m.o.h. Innsjøen er 18 km lang og inntil 149 meter djup og strekkjer seg innover i Jotunheimen nasjonalpark. Breslammet frå elva Muru gjev vatnet ein spesiell grøn farge. Turen med M/S Gjende gjev eit mektig ”fjord”-inntrykk høgt til fjells. Omtrent midtvegs mellom Gjendesheim og Memurubu ser ein godt Besseggen.