Kulturhistorie

                                      Dyregrav for fangst av elg, Kverngrov.

                                      Dyregrav for fangst av elg, Kverngrov.

Det er fyrst på overgangen mot yngre steinalder (3000-2500 f  Kr) funnmengda etter menneskeleg aktivitet i Jotunheimen aukar. Eksempel er buplassar ved Gjende og Russvatnet. Dyregraver, gamle buer og innsmogo viser at jakt og fangst var ein svært viktig leveveg. Av større funn må Griningsdalsfunnet frå yngre jernalder nemnast. Det er det største som er gjort så høgt til fjells i Noreg. Funnet inneheld mellom anna eit sverd datert til fyrste halvdel av 800-talet, pilespissar, øks, sigd, hammar og ei bronsespenne. Ei rekkje spor etter jernutvinning finst også i området, som f.eks. i Randsverk.

I Sjodalen og fjellområda omkring finst eit stort antal dyregraver for fangst av elg og rein. Desse vart bygde i gode og sikre dyretrekk. Reinsgravene er vanlegvis mura av stein, men det finst også jordgraver. Enkelte av dei mura gravene er heilt intakte. Storleiken på desse er vanlegvis to meter lange, to meter djupe og 0,6 –0,8 meter breie. Ofte er det fleire graver i eitt system, og mellom gravene var det som regel bygd såkalla ”bæg-arme” for å ”styre” reinen inn mot sjølve grava, som i bruk var dekt til med eit teppe av mose og lyng.