Storviltjakt

 

 
                           Storukse i Sjolia, hausten 2010. Foto: Håvard Myrum

                           Storukse i Sjolia, hausten 2010. Foto: Håvard Myrum

I Langmorkje statsallmenning er det jakt på elg, hjort og rådyr. I dei seinare åra har det i gjennomsnitt årleg vorte felt rundt 45 elgar, 5-10 hjortar og 8 -10 rådyr. Fjellstyret samarbeider med fire private grunneigarlag på sørsida av Ottadalen om eit hjorteviltvald, og med felles bestandsplan.

I Nordherad statsallmenning er det i tillegg jakt på villrein, men kvota er berre på 4-6 dyr og korta blir difor tildelt innanbygdsbuande. Denne statsallmenningen inngår i Ottadalen villreinområde, med felles jaktareal over eit større område.

elg og hjort

Langmorkje statsallmenning er inndelt i ni jaktfelt for jakt på elg og hjort, der seks av dei ni felta blir tildelt innanbygds jaktlag, medan tre felt er ”ope for alle”. Jaktfelta blir tildelt på tre og tre år, og alle er ledige same året, dvs. i  2022, 2025 osv. Alle 9 jaktfelta vil bli annonsert ledige på Inatur 1. april 2022. Det kan variere frå periode til periode kva for jaktfelt som blir tildelt innanbygds, og kva for felt som er "ope for alle". I perioden 2022-2024 er det felta Randsverk, Sjolia og Griningsdalen som er lyst ut "ope for alle".

For at fleire skal få tilgang til elg- og hjortejakt, prøvde fjellstyret ut eit opplegg med delt jakt i perioden 2019-2021. Dette blir vidareført i komande periode (2022-2024), for felta Synstli-Kvitingen og Randsverk. Jakttid for delt jakt er 25.09-10.10 (elg) og 01.09-10.10 for hjort i 1. periode, og 11.10-31.10 (elg og hjort) i 2. periode. Det blir ei rullering mellom dei to jaktlaga som får tildelt jakt i same feltet, slik at det jaktlaget som blir trekt ut på 1. periode i 2022, får 2. periode i 2023 og 1. periode att i 2024. Dersom eit jaktlag fyller grunnkvota på elg før den 10. oktober, kan neste lag starte jakta før den 11. oktober, sjølv om det står att hjort på totalkvota. Det same gjeld om laget i 1. periode ikkje har felt alle elgane til 10. oktober og laget i 2. periode fyller kvota før 31. oktober, da kan laget i 1. periode «sleppe til att» før den 31. oktober. Dersom jaktlag på delt jakt ikkje har fylt grunnkvote på elg eller felt eventuelt tildelt tilleggsdyr innanfor fastsett jakttid fram til 31. oktober, kan jaktlaget/laga få jakte på desse etter den 1. november

Felta Flatningen-Melingen, Lemonsjø-Tesse, Rindhovda, Sjodalen aust og Sjodalen vest blir i perioden 2022-2024 sett bort til innanbygds jaktlag utan delt jakt, medan feltet Sjolia og Griningsdalen blir «ope for alle» utan delt jakt.


For elg- og hjortejakta blir annonsering, mottak av søknader og trekking ordna samla for alle statsallmenningane, medan inngåing av kontrakt med jaktlag, fakturering, veging av dyr, innsamling av underkjevar osv. skjer lokalt frå det enkelte fjellstyre.

Informasjon om ledige jaktfelt, detaljert informasjon om kvart enkelt jaktfelt, og søknadsprosedyre får ein på iNatur (www.inatur.no) . 

statistikk

FELLING ELG I LANGMORKJE STATSALLMENNIG

Oversikt over felt elg frå 1990 til 2023, finn du her

FELLING ELG, HJORT OG RÅDYR - VÅGÅ SØR VILTOMRÅDE

Oversikt over felt elg, hjort og rådyr 2023 finn du her

Fellingsresultat 2000 - 2023 finn du her

FELT ELG OG HJORT I VÅGÅ KOMMUNE

Oversikt over felt elg og hjort i Vågå kommune i 2021, og med alder finn du her

Oversikt over felt elg og hjort i Vågå kommune i 2022, og med alder finn du her

Oversikt over felt elg og hjort i Vågå kommune i 2023, og med alder finn du her

 
 

Rådyrjakt

Rådyrjakta i Langmorkje er inndelt i tre felt, dvs:

Felt 1: ”Heimfjellet”, dvs. nordre del av statsallmenninga, med riksveg 51 og Slomsetervegen som grense mot sør.

Felt 2: Lemonsjø-/Randsverkområdet, med riksveg 51 og Slomsetervegen som nordleg grense, Fuglesetervegen og riksveg 51/fylkesveg 257 som sørleg grense.

radyr.jpg

Felt 3: Sjodalen, dvs. området sør for Fuglesetervegen – riksveg 51/fylkesveg 257.

 

Årleg kvote er på ca. 35 dyr. Jakttida er 25.09 – 23.12, og med adgang til bruk av hund frå 01.10. 30-40 % av kvota blir tildelt som bukkejakt med jakttid 10.08 – 24.09 og eventuelt vidare fram til jul som ordinær rådyrjakt dersom dyret ikkje blir felt i bukkejakta.

Jaktkorta blir tildelt ved loddtrekning. Kortprisen er kr. 600,- for bukkejakt og kr. 500,- for ”ordinær” jakt. Det er lik tilgang for innan- og utanbygds. Søknad om rådyrjakt skal sendast til fjellstyret innan 15. juni. Bruk søknadskjema under her (trykk på knappen for å få opp søknadsskjema).