Hytter
Fjellstyret har seks hytter for utleige, dvs. Forsthytta i Randsverk, bue ved Nedre Leirungen, Vargebue, Vågåbue, Bessvassbue og Gjendeosbue. Dei tre sistnenmde blir leigd ut berre til innanbygds. Alle hyttene så nær som Bessvassbue er lagt ut for booking på Inatur. Søknadsfrist (for innanbygds) for leige av Bessvassbue er 15. juni. Den blir ikkje leigd ut i vinterhalvåret.
For alle hyttene er nøkkel i ein boks ved døra. Koda får du oppgjeve direkte på kvitteringa ved bestilling av hytta (gjeld Forsthytta, bue ved Nedre Leirungen og Vargebue). Dei som leiger Vågåbue, Bessvassbue og Gjendeosbue får oppgjeve koda som SMS (gjeld innanbygds).
Det er opphengt plakat med retningsliner for reinhald. Leigetakar har ansvar for å gjera reint etter seg! Dyner og puter kan brukast, men du må ha med eige sengetøy (laken, putetrekk, dynetrekk). I dei hyttene det ikkje er dyner må du i tillegg til sovepose ha med laken og putetrekk. Det er nødvendig utstyr for reinhald i hytta.
Prisar frå 2024 (inkl. moms):
Innanbygds Utanbygds
Forsthytta 550,- 750,-
Vargebue 500,- 600,-
Bu Nedre Leirungen 500,- 700,-
Vågåbue 500,-
Gjendeosbue 550,-
Bessvassbue 500,-
I hyttene er det kjøkenutstyr, utstyr til golvvask/oppvask, gass til kokeapparat og stearinljos. Oppvarming av hyttene skjer med vedomn/ peis, og det er ved i alle hyttene. Ingen av hyttene har innlagt vatn, vatn må hentast i næraste bekk eller tjønn/vatn. Forsthytta og Gjendeosbue har innlagt strøm, og kjøleskap m/fryseboks og ein hybelkomfyr/komfyr til å kokke på. I Vargebue, bue ved Nedre Leirungen og Vågåbue er det solcelleanlegg for belysning. Sengene har madrass og puter (dyner i Gjendeosbue og Forsthytta).
Søknadsskjema for Bessvassbue, finn du under her. Du kan også sende søknad på e-post til vaga@fjellstyrene.no.