Jakt på smårovvilt i Vågå
I 2013 sette fjellstyret i gang eit samarbeid med dei fleste grunneigarlag i kommunen og Vågå JFF, for å få laga eit felles jaktkort for jakt på smårovvilt. Målet var å få meir felling av smårovvilt gjennom å heve interessa for og kunnskapen om jakt og fangst på smårovvilt, heve statusen for slik jakt, og få betre tilgang på jakt på desse artane. Vi meiner at dette vil vera positivt for matnyttig småvilt, rådyrbestanden og husdyr (lam). I tillegg vil vi få eit betre jakttilbud for store delar av kommunen.
Jaktkortet gjeld jakt og fangst på desse artane: raudrev, mår, mink, røyskatt, grevling, kråke, ravn, skjære, og nøtteskrike.
Vågå fjellstyre har ansvar for å adminstrere ordninga.
Ordninga vart igangsett den 01.01.2014.
Jaktkort/ reglar
Jaktkort:
Gratis for innanbygds, kr. 100 for utanbygds. Gyldig frå 1.1 til 31.12.
Løys jaktkort på Inatur (gjeld både innan- og utanbygdsbuande).
Jaktreglar: Jaktkortet omfattar heile Vågå kommune, utanom Nedre Heimdalen, Tolstad, Holungsfjellet sameige og den delen av Finndalen statsallmenning som ligg i Vågå (Sjå kart her: Infoside Inatur).
Jaktkortet gjeld for desse artane og i desse jakttidene (jakttider som i Forskrift om jakt- og fangsttider 2022-2027):
Art: Jaktttid:
Raudrev 15.07 - 15.04
Mår 01.11 - 15.03
Villmink Heile året
Røyskatt 21.08 - 15.03
Grevling 21.08 - 31.01
Kråke 15.07 - 31.03
Ravn 10.08 - 28.02/29.02
Skjære 10.08 - 28.02/29.02
Nøtteskrike 10.08 - 28.02/29.02
Jakt med hund på rev er lov frå 1. november. Ved jakt på dyrka mark, og/eller utlegging av åte må det innhentast løyve frå grunneigar. Det blir elles vist til dei offentlege reglane for utøving av jakt og fangst.
SKOTPREMIE OG REGISTRERING
Kommunen har gjeve løyve til bruk av skotpremie. Ordninga med skotpremie og poengbørs gjeld berre for innanbygds. Registering av felt/fanga vilt skal enten skje til Leif Einar Olsen, Nils Øygarden eller Svein Erik Benrud. For fuglar leverer jegeren båe føtene av kvart individ. For raudrev skal jegeren vise fram høgre framfot, den må vera kutta ovanfor kloa oppå foten. For dei andre pattedyra skal alle fire føtene visast fram, ev. ta med heile dyret/pelsen til registrering. Det er ikkje tilstrekkeleg med berre eit bilde av viltet.
Det blir premie til dei som har fått flest poeng i løpet av året, fordelt på to klasser, over og under 18 år. Premieringa er kr. 2.000/1.000/500 for nr. ein, to og tre. Det er også oppsett ein vandrepremie, som blir til odel og eige når ein har vunne den tre gongar. Vandrepremien er felles for båe klassane. I tillegg blir alle som har registrert felt vilt, og fått poeng med i trekninga om diverse gavepremiar (berre enkelte år).
Alt vilt som det skal utbetalast skotpremie for, eller fått poeng for skal sjølvsagt vera felt innanfor det området som dette jaktkortet dekkjer!
DIVERSE
Vågå fjellstyre har lagt til rette for gluggjakt etter rev, og har plassert ei "bu" ved Storvikssetra, som er oppvarma og der det er utlagt åte. Frå hausten 2023 er det også utlagt åte og med glugg (også oppvarma) i Hindseter-området. Dersom du er interessert i å sitja etter reven på desse plassane, så ta kontakt med Vidar Rugsveen på tlf. 917 27427.
Reglar for bruk av åte:
Ved bruk av åte til jakt, felling og fangst er det tillatt å benytte vilt eller deler av vilt. Påkjørt vilt, slakteavfall fra jakt eller andre deler av vilt kan fritt benyttes som åte. På samme måte kan alle produkter som er beregnet til menneskemat benyttes til åte eller legging av blodspor. Bruk av slakteavfall og husdyr reguleres gjennom Mattilsynets forskrift 27. oktober 2007nr. 1254 om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum, hvor det i § 5 heter: ”Mindre deler av selvdøde eller avlivede dyr som ikke er eller mistenkes for å være infisert med smittsom sykdom kan etter melding til Mattilsynet brukes som åte på driftsenheten i forbindelse med åtejakt på ville dyr, der kjøttet ikke er beregnet på konsum”. For ytterligere informasjon se Mattilsynets hjemmeside.
(Rundskriv februar 2013 Viltloven - utøvelse av jakt, felling og fangst)