om oss

Vågå fjellstyre forvaltar, etter Fjellova, bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar i Vågå kommune. Langmorkje statsallmenning ligg på sørsida av Ottadalen og med eit areal på vel 884 km². Nordherad statsallmenning ligg på nordsida av Ottadalen (areal på vel 24 km²). Skogen i Langmorkje blir forvalta som bygdeallmenning, der Langmorkje almenning har eige sagbruk i Randsverk. Sjølve grunneigarretten, dvs. grunndisponeringssaker blir administrert av Statskog SF. 

Dei viktigaste oppgåvene for fjellstyret er å administrere bruken og utnyttinga av statsallmenningane til beste for dei med bruksrett og allmenta, på ein måte som fremjar næringslivet i bygda, og som tek omsyn til naturvern- og friluftsinteressene. Inntektene til fjellstyret går inn i "fjellkassa". For Vågå fjellstyre er dei største inntektspostane festeavgift på hytter, elgjakt, småviltjakt, fiske og refusjon for oppsynsoppgåver. Fjellstyret har ei årleg omsetning på ca. 5 millionar kroner. Meir utfyllande informasjon om drifta er å finne under fjellstyresaker/ PDF-arkiv.


Vågå fjellstyre – valde for perioda 2024-2027

 

Dei tilsette driv oppsyn og tilsyn med statsallmenningane, samt utfører
sekretærarbeidet for fjellstyret. 
Fjellstyret har kontor på Vågå kommunehus.
E-post: vaga@fjellstyrene.no