Opplegget for småviltjakta framover.
På møte 11.12.20 vedtok fjellstyret i sak 41/20 opplegget for småviltjakta framover. Det er ikkje lagt opp til mange endringar i forhald til i dag, men det er foreslått ei endring for utanbygds jegerar utan hund. Det gjeld pkt. 3 i vedtaket, der fjellstyret nå foreslår ei regulering av talet på utanbygds jegerar utan hund dei 15 fyrste dagane, dvs 125 kort i tre 5-dagarsperioder, totalt 375 kort. Dette for å redusere jakttrykket i starten og få fordelt jegerane meir over tid. Fram til nå har det vore fritt kortsal for jakt utan hund frå fyrste jaktdag (15. september). Grunngjevinga for endringa er grundig utgreidd i sjølve saka og vedtaket. Sak 41/20 finn du under “Møter-saker/fjellstyresaker 2020”. Oversikt over kortsal og fangststatistikk ligg under”Småviltjakt - statistikk”
Ei av årsakene til at Vågå fjellstyre ynskjer denne endringa er at vi dei siste åra har opplevd ei stor auke i antal selde kort for utanbygds utan hund. Salget har omtrent dobla seg på 10 år, med ein topp i 2020 på opp mot 1700 selde kort. Registreringane våre viser at ca 60% av alle 1-døgns og 3-døgnskort blir løyst i løpet av dei fyrste 14 dagane, det betyr at vi i haust hadde ca 820 jegerar utan hund i løpet av den perioda. Med så mange jegerar kan jakttrykket bli høgt, særleg i enkelte av dei lett tilgjengelege områda, spesielt på helgedagar i starten av jakta.
Av jegerar utan hund utgjer utanbygds 95-98% av den totale jegermassa slik ordninga er i dag, sjølv med ei regulering som tenkt vil utanbygds utgjera 85-90% av jegerane utan hund, sjølv om ein beheld det frie kortsalget for innanbygds. Ein vurderer det slik at Fjellova sitt krav om at det skal vera rimeleg balanse mellom innan- og utanbygds er oppfylt.
For utanbygds jegerar med hund har Vågå fjellstyre hatt liknande regulering i mange år. Vågå fjellstyre er eitt av dei svært få fjellstyra i Gudbrandsdalsområdet og i Valdres som har behalde ordninga med fritt kortsalg for jakt utan hund fram til nå. Dei fleste andre fjellstyre, har innført slik begrensning tidlegare, så slik sett så er ikkje dette noko nytt. Dette at Vågå fjellstyre etterkvart har vorte nokså einsleg om å ha eit slik tilbud er nok ei av årsakene til den store auken i pågangen av jegerar.
Salg av jaktkort utan hund 2011-2020
Før fjellstyret gjer endeleg vedtak, er saka sendt på høyring til kommunen (etter reglar i Fjellova) og til Vågå JFF, og med høyringsfrist 20. februar. Fjellstyret opnar også for at andre kan kome med uttale/ merknader til småviltjaktopplegget. Evt. uttale/ merknader må sendast på e-post til vaga@fjellstyrene.no innan 20.02.21.
Korta vil mest sannsynleg bli seld via Inatur, da etter søknad, og trekning , og ein vil frå 30.09 ha fritt kortsalg. Detaljer omkring søknadsfrist mm. vil koma her på heimesida når høyringsfristen er ute, og saka er endeleg vedteke.