"Gjendefisken"

Pr%C3%B8vefiske+Gjende+2020-1.jpg

Det har vore nokre oppslag i GD nyleg om Gjendefisken, «Gjendeflugu» og fiskinga på Gjende. Avisoppslaga kom nok som følgje av brevet/rapporten frå fjellstyret til kommunen tidlegare i vinter. For om mogleg å få informert fleire med interesse for Gjendefisken og fiskinga på Gjende, så legg vi nå ut diverse dokument på heimesida vår. Det gjeld den nemnde rapporten til kommunen, samandrag av resultat frå prøvefiskingar som fjellstyret har utført sidan 1997 og oversikt over endringar i fiskereglar frå 2001 (gjeld oter og garn).

Av nyare rapportar som sikkert vil vere av interesse for enkelte, er rapport frå Miljødirektoratet ang. «Basisovervåking av store innsjøer», der Gjende er med. Vi har også lagt ut denne, Gjende er omtala på side 91-95. I tillegg NINA-rapport frå 2013, «Vurdering av ferskvannsbiologiske forhold i Gjendeosen», der også Gjendeflugu er omtala.  

 Rapportane finn du her:

Økostor 2019: Basisovervåking av store innsjøer

Vurdering av ferskvannsbiologiske forhold i Gjendeosen

Du finn link til dei aktuelle dokumenta frå Vågå fjellstyre her:

BREV KOMMUNEN 2021 ANG. GJENDEFISKEN, OG FISKEREGLAR GJENDE

ENDRING FISKEREGLAR FOR INNANBYGDS PÅ GJENDE (OTER OG GARN) - HISTORIKK FRÅ 2001

PRØVEFISKE GJENDE, OVERSIKT FANGST

PRØVEFISKE GJENDE, OVERSIKT LENGDE M.M

Oskar Pettersen