Elg-/hjortjakta 2020

I Langmorkje statsallmenning vart det felt 47 av 49 elgar og 11 av 11 hjortar i 2020, som er rekordfelling både for elg og hjort. Fellingsstatistikk for elg i Langmorkje frå 1990 og med fordeling på type dyr finn du under “Storviltjakt - statistikk”. Oversikta over alle felte dyr av elg og hjort i Vågå 2020 er lagt ut på same sida. Dei eldre dyra av både elg og hjort vil bli aldersbestemt slik som tidlegare år. Aldersbestemminga blir no utført av Norsk Institutt for Naturforsking, fordi Vågå er med i det nasjonale overvakingsprogrammet for hjortevilt, dei tala er difor ikkje klare enno. Så fort vi får resultata blir det lagt ut oppdatert oversikt med alder.

 Vågå fjellstyre er med i hjorteviltvaldet «Vågå Sør viltområde», eit samarbeid med Storviksmorkje jaktforening, Stranden jaktforening, Sjårdalen viltlag og Ottadalen-Skårsroe grunneigarlag. Vi har også lagt ved fellingsstatistikk av elg og hjort frå 1992 for heile Vågå Sør. Linkar til dei finn du under her.

Felling hjort frå 1993 Vågå Sør

Felling elg frå 1992 Vågå Sør

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Trekning rypejakt med hund for utanbygds!

Neste
Neste

"Gjendefisken"