Isfiskesesongen godt igang på Flatningen!

Isfiskar.jpg

Etter nokre vintrar med liten aktivitet på Flatningsisen er det triveleg å sjå at fleire fiskarar tek turen i år. Isen er bra trygg (jamt over 12-18 cm), men med litt overvatn på enkelte plassar. Og, som vanleg, vær forsiktig, det kan væra parti med dårleg is så ta ikkje sjanser. Fangstene varierer som vanleg, det er så langt ikkje meldt om dei store fangstene når det gjeld antal, men kvaliteten på røya er bra!

Med fleire fiskarar blir det naturlegvis større rift om dei beste fiskeplassane. Vi oppfordrar, som før, fiskarane til å ta hensyn til kvarandre. Vis respekt ved å halde rimeleg avstand til andre fiskarar, og deira fiskeplassar. Men du må og godta at du ikkje er aleine på isen.

Enkelte forar opp pilkehol og merkjer fiskeplassar. Vågå fjellstyre aksepterer at dette blir gjort, men vi ber om at slik merking blir avgrensa til eit minimum, og at merkinga blir fjerna når fisket blir avslutta. I alle fall når det er meir enn ei veke til du planlegg å koma att. På den måten unngår vi at gode fiskeplassar blir ståande ubrukte, og at store område virkar opptekne, utan å vera det.

Målet er at det skal vera ei triveleg oppleving å vera pilkar på Flatningen, og og om alle legg godviljen til går det bra. Flatningsisen er stor nok til at det er plass nok til alle.

Hugs å ta med søppel, og evt. utstyr heimat etter kvar fisketur!

Oskar Pettersen