Ledig hjortejakt ved Gjende.

Foto: Vågå fjellstyre

Fjellstyret lyser med dette ut hjortejakt ved Gjende, dvs. i Jotunheimen nasjonalpark i Vågå kommune. Ledig for innanbygds jaktlag, dvs. at fleire enn halvparten, inkl. jaktleder, må vera innanbygds. Krav om minimum 3 jegere i laget, og laget må ha eigen godkjent ettersøksekvipasje. Jaktlag med jeger/jegere som ikkje har elg-/hjortejakt i ei anna statsallmenning (inkludert i Nordherad fellesområde) eller i eit anna jaktfelt i Langmorkje i 2021, blir prioritert fyrst. Kvote på 1 fri bukk. Jakttid 01.09 – 31.10. Grunnpris kr. 1.500, kg-pris ved felling kr. 76 (ingen momsplikt).

 Det blir elles vist til dei generelle reglane for elg- og hjortejakt i statsallmenning, og dei lokale reglane for elg- og hjortejakt i Langmorkje (sjå linkane under). Søknad med liste over alle på jaktlaget skal sendast til Vågå fjellstyre, som e-post til vaga@fjellstyrene.no, innan 20. juni. For meir info: Knut Øyjordet, tlf. 90966277.

Generelle reglar for elg- og hjortejakt i statsallmenning 2021.

Lokale reglar for elg- og hjortejakt i Langmorkje statsallmenning 2021

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kontroll av gjerde.

Neste
Neste

Trekningsliste villreinjakt for innabygds på statsallmenningane i Lom og Vågå 2021