Trekningsliste villreinjakt for innabygds på statsallmenningane i Lom og Vågå 2021

Villreinjakta for innabygds på statsallmenningane i Lom og Vågå vart trekt i dag. Det var pga smittevernsituasjonen ikkje open trekning, men representantar frå to lokale jeger og fiskeforeningar, representantar frå dei private grunneigarane som fjellstyra har samarbeidsavtale med, og eitt medlem frå Finndalen fjellstyre var til stades, og gjennomførde trekninga saman med sekretariatet.

Tilbud om jakt blir sendt ut på e-post før helga, dei som får tilbud har da 14 dagars betalingsfrist . Reservelista er sett opp i den rekkjefølgje dei ulike jegerane vart uttrekt. Korleis rekkjefølgja blir på tildeling til reserver kjem an på kva slags kort som evt. blir ledige og kva for type dyr den som står på reservelista har prioritert å søkje på (som ved hovudtrekninga).

Dei som har fått tildelt kort i Vårdalen statsalm. får som vanleg tilbud direkte frå Lom fjellstyre.

Lista over dei som vart uttrekt finn du her: Trekningsliste villreinjakt innanbygds 2021.

Oskar Pettersen