FELLINGSRESULTAT ELG-, HJORT- OG RÅDYRJAKTA 2023

Fellingsresultatet for elg-, hjort- og rådyrjakta 2023 er nå klart, og med alder på all elgen. På heimesida her under «Storviltjakt» finn du diverse statistikkar, m.a. felling av elg i Langmorkje frå 1990, felling av elg, hjort og rådyr i dei ulike jaktområda i Vågå Sør viltområde 2023, samt samla for Vågå Sør frå år 2000.

I tillegg er fellingsresultat for elg- og hjortjakta i alle jaktfelta i Vågå (Vågå Sør og Vågå/Sel Nord) lagt ut, med data for kvart enkelt dyr, og med alder på alle elgar. Vågå kommune er ennå med i overvakingsprogrammet for hjort i Norge, og alle hjortkjevar er difor sendt til NINA i Trondheim for m.a. aldersbestemming. Resultatet av dette er ikkje klart før utpå våren.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Litt om småviltjakta hausten 2024

Neste
Neste

Søknad frå Vågå tamrein AS om fornying av hamnleigekontrakt - førehandsvarsling