Litt om småviltjakta hausten 2024

Som mange sikkert hugsar, så vart rypa freda sist sesong, samt all skogsfugl frå 30. september. Det var jakt på tiur og orrhane fram til og med 29. september, og jakt på andre jaktbare småviltarter på vanleg måte, slik som hare. Korleis jaktopplegget blir til hausten er sjølvsagt ikkje bestemt ennå. Som mange andre håpar vi at det nå blir ein oppgang i rype- og skogsfuglbestanden att. Det var generelt bra med hare sist sesong. Vi vil halde fram med taksering av lirype, og registreringane vil frå og med i år bli sendt til Hønsefuglportalen og bli presentert gjennom opplegget der. Eventuelle reguleringar i småviltjakta vil vi som vanleg ta stilling til fyrst i september ein gong.

 

Utanbygds jegerar i regulert periode, dvs. dei med fuglehund i to 5-dagarsperiodar (15.-24. sept.) og dei utan hund i tre 5-dagarsperiodar (15.-29. sept.), betalte korta sist sesong før det vart bestemt å frede rypa. Dei fekk tre alternativ, anten å benytte seg av kortet, overføre kortet til 2024 eller å få tilbakebetalt kortprisen. Dei aller fleste valde å overføre kortet til i år, spesielt dei med hund. For jegerar med fuglehund er det difor berre 12 ledige kort nå i år (totalt 70 kort), dvs. 7 i 1. periode og 5 kort i 2. periode. For dei utan hund er det 52 ledige kort i 1. periode, 68 kort i 2. periode og 122 ledige i 3. periode (det er opna for totalt 125 kort i kvar periode).

 

Søknad om kort skjer på same måte som før, dvs. dei med fuglehund nyttar søknadsskjemaet på heimesida vår (under «Småviltjakt»), og dei utan hund (i regulert periode) søkjer på Inatur. Søknadsfrist 1. april.

 

Utanbygds som jakta med harehund i regulert periode i fjor (11.-17. okt, totalt ca. 25 kort) får automatisk tilbod om jakt att i år (treårsopplegg som vi har nytta ein del år).

 

Oskar Pettersen