Søknad frå Vågå tamrein AS om fornying av hamnleigekontrakt - førehandsvarsling
Fjellstyret behandla på førre møte i sak 6/24 søknad frå Vågå Tamrein AS om fornying av hamneleigekontrakt for 2024-2033. Saka med vedtak finn du her.
Fjellstyret tek sikte på å vedta eit forslag til ny kontrakt på neste fjellstyremøte (den 18. mars). Saka blir med dette førehandsvarsla. Eventuelle merknader til søknaden må sendast skriftleg til fjellstyret innan 1. mars.
Etter at saka er behandla på neste fjellstyremøte vil vedtaket bli lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida, med frist på minst tre veker til å kome med merknader.
Siste ti-års hamneleigekontrakt (2014-2023) finn du her.