Trekningsliste reinsjakt i Lom og Vågå 2024
Villreinjakta for innanbygds på statsallmenningane i Lom og Vågå vart trekt i dag. På trekninga deltok representantar frå jeger- og fiskarforeningane i Lom og Vågå, og frå Finndalen fjellstyre.
I år er alle på lista primærsøkjarar, inkludert dei på reservelista. Ingen av dei med jakt i fjor som hadde søkt i år, var med i “hatten”.
Tilbod om jakt blir sendt ut på e-post med det fyrste. Dei som har fått tildelt kort i Vårdalen statsallmenning får som vanleg tilbod direkte frå Lom fjellstyre. Liste over dei som vart uttrekt finn du her