Trekning jakt utanbygds jegere med og utan hund 2024

Som vi har informert om på heimesida tidlegare, så vart det litt spesielt i år ang. antal ledige kort fordi rypa vart freda sist sesong. Dei som takka ja i fjor og betalte kortet fekk m.a. tilbod om å overføre kortet til i år. Det var mange som valde dette, både dei med og utan hund. I år er det difor berre ledig 15 kort til jegere med fuglehund, dvs. 9 i 1. periode og 6 i 2. periode. Trekningslista finn du her.

For dei utan hund vart det 52 ledige kort i 1. periode, 68 kort i 2. periode og 122 i 3. periode (maks. 125 kort i kvar periode). Desse korta er trekt på Inatur.

Så får vi håpe på ein oppgang i rypebestanden og med eit takseringsresultat i august som gjer at det blir jakt på rypa att.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Trekningsliste reinsjakt i Lom og Vågå 2024

Neste
Neste

Varsel om vedtak ang. fornying av hamneleige-kontrakt med Vågå Tamrein