Søknad, og planlagt trekning, småviltjakt med hund.
Det er mange spørsmål om dagen, og midt oppi mange andre utfordringar er det også nokre som tenkjer litt på korleis det vil bli med jakta til hausten. Vi veit naturlegvis like lite som alle andre om korleis det blir slik situasjonen er nå. Retningslinene som til kvar tid er gjeve frå sentrale styresmakter vil væra avgjerande for korleis dette blir. Uansett så førebur vi oss på ein ny sesong, med tanke på (og håp om) at den skal kunne gå som normalt. Søknadsfrist er som vanleg 1.april, i år er det Felt A, 1. periode og felt B, 2. periode som skal ut til utanbygds rypejegerar med hund. For harejakt med hund for utanbygds, skal alle korta i begrensa periode (11-17.10) i år tildelast på nytt. Det betyr at alle utanbygds som vil vera med i trekninga om jaktkort med harehund i begrensa periode (også dei som hadde jakt i fjor!) må søkje i år. Trekninga vil skje rett etter etter påske, endeleg dato blir bestemt seinare.