Elgmerkeprosjektet.

Etter at finansieringa kom på plass i fjor, vart det bestemt å setje i gang med det planlagde elgmerke-prosjektet (Hovedprosjektet "Elgen i Oppland" skal undersøkje sentrale problemstillingar knytt til forvaltninga av elg, og korleis elgbestanden nyttar beitegrunnlaget i eit område der ein stor del av elgane vandrar mellom adskilte sommar- og vinterleveområder. Formålet med prosjektet er å gje rettighetshavere og skogeigarar eit betre grunnlag til å drive kunnskapsbasert forvaltning). Sjølve merkinga skjedde i førre veke, og det vart merkt 27 dyr (16 kyr og 11 oksar), frå Gausdal i sør til «Murudalsområdet» i nord. 9-10 dyr vart merkt innanfor Langmorkje statsallmenning, frå fremst i Sjodalen til Tesseområdet. Merkinga skjedde med bruk av helikopter. Forutan piloten var mannskapet prosjektleder Christer Rolandsen i NINA og ein veterinær. I tillegg fekk lokale personar i prosjektleiinga anledning til å bli med på sjølve merkinga. Ein del vind hemma merkinga, samt at skogen generelt var såpass «tett» at ein måtte bruke noko tid. Men totalt sett må ein seie seg tilfreds med resultatet. Avhengig av økonomi, er det planlagt å merke fleire dyr att neste vinter. Dei merkte dyra har nå fått eit godt synleg radiohalsband med sender på seg, samt merke i øyra. Det vart tatt diverse prøver av kvart dyr, bl.a. blodprøve og møkkprøve. Etter kvart vil det bli gjeve meir informasjon om prosjektet og elgen, og det blir lagt opp til at alle kan følgje posisjonen til dei merkte dyra på nettet (dyreposisjoner.no).

Oskar Pettersen