Tredje trekningsrunde for rypejakt utan hund for utanbygds gjennomført 29.04.21.
Vågå fjellstyre gjennomført tredje trekning for småviltjakt utan hund i regulert periode i 2021, den 29.04. Det var 7 ledige kort i periode 1 som vart tildelt til personar som sto på reservelista. Alle som vart uttrekt har fått tilbud om jakt på SMS og e-post. Dei som vart uttrekt har frist til 06.05.21 med å takke ja til tilbudet. Det vil bli trekning av evt. ledige kort rett etter at betalingsfristen er ute, det vil da naturlegvis vera dei som fortsatt står på reservelista som deltek i den trekninga. Har du fått tilbud om jaktkort i dag, men har problem med å få ordna betaling, eller jegeravgift innan fristen, ta kontakt slik at vi kan hjelpe til så du ikkje misser tilbudet ditt.
Det vi no veit er at det vil bli ledige kort i periode 2 og 3, ca 60 ledige kort i kvar periode. Desse vil bli lagt ut for salg på Inatur etter “fyrstemann til mølla” prinsippet på ein fastsett dato uti mai. Tidspunktet for når det salget startar vil bli lagt ut her på heimesida, og på Inatur. Periode 1 er sjølvsagt da pr. i dag full og der er det fortsatt venteliste.
Totalt antal søknadar på alle tre periodene var 176, det omfatta 453 jegerar sidan mange hadde søkt som jaktlag. Det var, som venta, størst pågang på periode 1 med 172 søknadar, og 445 jegerar. Alle som hadde søkt om jakt i alle tre periodene har fått tilbud om jakt. Fyrste trekning skjedde 08.04.21, dei som vart uttrekt da hadde frist på seg fram til 19.04 til å takke ja til tilbudet.
Vi minner om søknadsvilkåra: Har du/ dykk søkt som jaktlag er det ikkje anledning til endre på jaktlaget etter at søknadsfristen er ute (enkeltmedlemmar i jaktlaget står sjølvsagt fritt til å takke nei til evt. tilbud utan at det påvirkar resten av jaktlaget). Jaktkortet er personleg (tilbudet gjeld den personen som har motteke SMS/ e-post), og kan ikkje overførast til andre. Betalte jaktkort blir ikkje refundert.