Salg av ledige jaktkort utan hund for utanbygds i periode 2 og 3 (begrensa antal).

Etter at dei fyrste rundene med trekkjing av jaktkort for utanbygds utan hund er gjennomført har Vågå fjellstyre ledige kort i periode 2 (20.-24.09) og periode 3 (25.-29.09). Sidan alle dei som søkte om jakt i alle tre periodene har fått tilbud om jakt, blir dei korta som er ledige lagt ut for fritt salg på Inatur etter “fyrstemann til mølla” prinsippet. Det er 65 ledige kort i periode 2 og 60 ledige kort i periode 3. Salgsstart mandag 10.05.21 kl. 9.00 (Vi har dessverre ikkje moglegheit til å setja anna klokkeslett), salget stoppar når alle ledige kort er selde. Hugs at jegeravgift må vera betalt for å få løyst jaktkort!

Det er ikkje ledige kort i periode 1, dei som fortsatt står på venteliste er sjølvsagt dei som da hadde søkt berre periode 1.

Salgssida på Inatur finn du her: https://www.inatur.no/jakt/50edaabde4b0eb579d78a2d2/jaktkort-for-smavilt-i-vaga

Frå 30.09 og ut februar blir det fritt kortsal. Det frie kortsalget startar når dagskvota er bestemt, etter at taksering er gjennomført (mellom 05-10.09).

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bua ved Nedre Leirungen er opna for leige for sommar/ haust sesongen 2021.

Neste
Neste

Tredje trekningsrunde for rypejakt utan hund for utanbygds gjennomført 29.04.21.