To av buene som er reservert for innanbygds er no lagt ut på Inatur (Vågåbua og Gjendeosbua).

Vågåbua og Gjendeosbua er no lagt ut for booking på Inatur. Dei er fortsatt opne for leige kun for innanbygds som før. Det har i fleire år vore eit ynskje frå brukarane, og fjellstyret, om å få på plass ei ordning som gjer bestillinga noko enklare, og meir oversiktleg. Bestilling og betaling skjer da direkte til Inatur og ein treng ikkje gå om fjellstyrekontoret. Fordelen med å bruke Inatur er at det heile tida vil vera ei oppdatert oversikt over ledige døgn tilgjengeleg på nett. Dei siste åra har pågangen og vore slik at det ikkje lenger er nødvendig med søknad og trekning på desse buene. Utfordringa vil sjølvsagt vera om vi får mykjy “feilbestillingar” frå brukarar som ikkje er innanbygds, men Inatur sine erfaringer frå liknande tilbud tyder på at det skal gå bra. Så vagverar, gå inn og sjekk buene, ta ein stuttreist ferie, og gjer ein innsats for Gjendefisken! (Båtmotoren som er bestilt til Vågåbua er ikkje på plass enda, da det er noko leveringstid på den, vi oppdaterer sida på Inatur så fort den er på plass). For utanbygds som ynskjer seg til Gjendetraktene så er dei hjerteleg velkomne, men dei må da nyte godt av dei andre overnattingstilbuda ein finn i området.

Bessvassbua blir fortsatt i år administrert frå fjellstyrekontoret sidan det der er mykjy større pågang, og ein må ha loddtrekning og avgrensing i antal leigedøgn pr søkjar, i garnfiskeperioden.

Vågåbua

Gjendeosbua

Oskar Pettersen