Lirype, fjellrype, orrhøne og røy freda i 2023

Fjellstyret behandla i møte 6. september, i sak 33/23 årets opplegg for småviltjakta i Langmorkje statsallmenning. Fjellstyret vedtok å frede både lirype, fjellrype, orrhøne og røy for all jakt denne sesongen. Det same gjeld for Nordherad fellesområde, som Nordherad statsallmenning er ein del av. Saka med vedtak og grunngjeving for vedtaket finn du her.

 

For dei som har fått tilbod og kjøpt jaktkort på førehand, dvs. utanbygds jegere med/utan hund, vil få tilbod om eitt av desse tre alternativa:

1. Refusjon av kortprisen med fråtrekk av eit administrasjonsgebyr på 15 %.

2. Overføre jaktkortet til neste år (med føresetnad om at det blir jakt på desse artane att da).

3. Å nytte jaktkortet i år, men da ikkje for jakt på rype, orrhøne og røy. For dei med fuglehund  

    kan hunden nyttast i trening på rype dei fem dagane jaktkortet gjeld.

 

Dei jegerane dette gjeld, vil med det fyrste få ein e-post, og med ein frist for tilbakemelding om val av alternativ.

 

Etter sterke begrensningar i kortsal samt fredning av rypa etter 30. september både i 2021 og 2022, ser vi fortsett ingen oppgang i bestanden etter taksering. Årets produksjon og antall kull er dessverre ikkje foreinleg med å gjennomføre jakt. Fjellstyret er klar over at mange har gleda seg til å kome hit på jakt, og for mange er dette ein årleg tur saman med jaktkameratar. Fjellstyret beklagar ulempene dette medfører, men ber om forståing for valet som er tatt.

Sak med saksutgreiing og vedtak finn du her

Oskar Pettersen