Jaktkort småviltjakta og treningskort fuglehund
Småviltjakta startar som vanleg den 15. september for Langmorkje statsallmenning. Dei fleste har sikkert fått med seg at fjellstyret har vedteke å frede lirype, fjellrype, røy og orrhøne denne sesongen. Det blir jakt på dei andre småviltartane, men jakt på tiur og orrhane blir berre dei 15 fyrste dagane, dvs. til og med 29. september.
Alt av jaktkortsal for Langmorkje skjer på Inatur, både for innan- og utanbygds. For innanbygds både med og utan hund er det fritt kortsal frå den 15. september, og for utanbygds utan hund er det fritt kortsal frå 30. september – på dei artane som det fortsett er tillate jakt på.
I den regulerte perioden 15.-29. september med kort selde på førehand i tre 5-dagarsperioder, har dei fleste etter fredingsvedtaket anten vald å overføre kortet til neste år eller å få refundert kortprisen. Men enkelte har også vald å jakte i år sjølv om rypa og «brunfuglen» er freda. Det same gjeld også utanbygds med fuglehund i den regulert perioden (15.-24.09).
Fordi rypa vart freda, har fjellstyret vedteke å opne for eit ekstra treningstilbod med fuglehund i år, som gjeld for heile Langmorkje, men ikkje i dei verna områda (nasjonalparken og naturreservata). For utanbygds gjeld dette treningstilbodet heile oktober, og for innanbygds frå 15. september til ut oktober. Treningskort (dagskort eller periodekort) er også å få kjøpt på Inatur.
Vi ønskjer alle ein fin jakthaust. Nå når rypa og «brunfuglen» er freda, er det ei fin anledning til å prøve jakt på andre artar denne hausten.