Kvote på rypejakt sesongen 2020/21

Mange er spente på korleis det står til med rypebestanden i år, tilbakemeldingane så langt er positive. Noko som tyder på ein oppgang i forhald til fjoråret, men det endelege svaret på produksjonen får vi som vanleg fyrst ei stund uti jakta.

Vågå fjellstyre har i sak 31-20 gjort dette vedtaket: Med heimel i fjellova § 23 vedtek fjellstyret for jaktsesongen 2020/21 å nytte ei kvote på 2 liryper/fjellryper pr. jeger pr. dag. Vedtak om dagskvote på 2 ryper blir gjort med bakgrunn i resultat frå takseringar, bruk av treningsfeltet og andre tilbakemeldingar. For dei som løyser korttypen ”døgnkort”, og der jakta skjer over to dagar (datoar), gjeld kvota på 2 ryper for eitt døgn. Opplegget for småviltjakta blir elles som før, jf. vedtaket i sak 10/15.

Vedtaket, med dei faglege vurderingane som ligg til grunn, blir lagt ut under “Fjellstyresaker”. Det blir kortsalg på vanleg måte, kortblokkene blir lagt ut sjå dei lokale kortselgjarane i morgon (9. september), kortsalget på Inatur startar og i morgon (09.09.20), kl. 9.00.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Jaktkortstatistikk 2020

Neste
Neste

Endring i fiskereglar på Gjende