Endring i fiskereglar på Gjende

Oterfangst frå Gjende (bildet er frå før 2019).

Frå og med i dag (21. august 2020) og ut sesongen er det gjort endringar i reglane for garnfiske på Gjende. Sjå vedlagte fjellstyresak (sak 30/20) om bakgrunnen for endringa og sjølve vedtaket. Endringane er at minste lovlege maskevidde på dei 8 garna på 39 mm eller større blir sett ned til 35 mm eller større, samt at dei 2 garna på 29 mm eller mindre som ein kan nytte i tillegg til dei 8 garna, blir utvida til 5 garn pr. fiskar. Bruk av 29 mm`s garn eller mindre er framleis frivillig, men fjellstyret vil sterkt oppfordre fiskarane til også å nytte slike garn. Elles er det viktig at det blir fiska på Gjende nå framover, både med garn og oter.

Sak 30-20 Endring av fiskereglane for Gjende

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kvote på rypejakt sesongen 2020/21

Neste
Neste

100-årsgava er funne!