Reglar fastståande reiskap INNANBYGDS

Vedlegg til pkt. 8 i fiskereglane. Gjeld for innanbygdsbuande

 

REGLAR FOR FISKE MED FASTSTÅANDE REISKAP

A

Garnfiske er lov i tida 15. juni (kl. 17) – 30. juni (kl. 10) og i tida 1. august (kl. 17) – 15. september (kl. 10). På Gjende er garnfiske lov frå 15. juni (kl. 16)  til 5. oktober (kl. 10). På Melingen, Surtningen, Veslvatnet og Slomtjønn er garnfiske også lov i tida 1. juni (kl. 17) til 15. juni (kl. 10)

 
 

Fiskarane blir oppfordra til også å nytte dei småmaska garna der dette er lov (og ikkje krav om det). Ved garnfiske på Gjende kvar fiskar nytte minst 2 garn på 29 mm el mindre.
Kvart garn skal ikkje vera lenger enn 25 meter, og kan ha ei høgd på inntil 2 meter. På Flatningen kan det nyttast garn med høgd på inntil 4 meter.

B

Fiske med reiv er lov berre i dei vatna det er opna for garnfiske og i same tida som for garnfiske. På vatn der det ikkje er opna for garnfiske kan ein likevel setje ut ei stong som kan stå over natta.
Ved fiske med reiv kan det nyttast inntil 50 krokar pr. fiskar.

C

Generelle reglar for fiske med fastståande reiskap (garn, og reiv)

Ein og same person kan ikkje fiske på meir enn eitt vatn med fastståande reiskap pr. natt. Men det er opna for fisking med fastståande reiskap på to vatn same natt, men da må eine vatnet anten vera Melingen, Surtningen, Veslvatnet, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen eller Griningsdalsvatnet, eller det kan fiskast med fastståande reiskap på to av desse vatna saman. Ved garnfiske på Gjende er det lov å fiske med fastståande reiskap på eit anna vatn same natt.

Mellom kl. 10 og kl. 17 er det ikkje lov å ha garn eller reiv ståande i vatna.

Alle garn/garnrekkjer, reiv (ved bruk av line med utsetting frå båt) skal markerast med ”garnkule” eller ein annan lett synleg gjenstand merka med fiskaren sitt namn. Reiv (utsett frå land) skal vera merka med fiskaren sitt namn. Ved garnrekkjer på minst 3 garn skal det nyttast garnkuler/merke for kvart 3. garn.

Det er til kvar tid forbode å setja garn og reiv nærare utløpsosen på Bessvatnet, inn- og utløpsosen på Øvre Leirungen, Sjoa sitt inn- og utløp på Øvre Sjodalsvatnet, Leirungsåa, Svarva og Memuruelva på Gjende, samt Sjoa sitt innløp i Nedre Sjodalsvatnet enn 100 meter. Ved Gjendeosen går denne grensa til oppsette merke på båe sider av vatnet (ca. 2-300 m frå båtbryggja).

Alle dei som er med i garnfiske og reivfiske (dvs. når to eller fleire fiskar saman med kvar si garnkvote), må delta aktivt under heile fiske, dvs. både ved utsetting og inntaking av reiskapen.

Det er ikkje sett noko nedre aldersgrense for å kunne delta med kvote i fiske med garn eller reiv. Men ein generell regel er at den som deltek i slikt fiske, må under normale vindforhold, vera i stand til å ro/styre båten eller kunne handtere reiskapen.

Ver nøye med tida, ikkje set uti garn eller reiv før kl. 17 (på Gjende og Bessvatnet kl. 16). Ved svært sterk vind kan garn eller reiv stå lenger i vatnet enn til kl. 10. Dersom det er praktisk mogleg, bør fjelloppsynet bli varsla dersom garn eller reiv ved slike værtilhøve blir ståande lenger enn til kl. 12.