Trekning elg-/hjortejakt for innanbygds i Langmorkje statsallmenning
Trekning av elg- og hjortejakta i Langmorkje statsallmenning for innanbygds lag vart gjennomført torsdag 5. mai. Fjellstyret har ei rulleringsordning der innanbygds lag som har hatt jakt dei siste tre åra, stiller bak “i køen” ved neste trekning av felt prioritert for innanbygds. Det var i år 9 lag “i hatten”. Følgjande får tilbod om jakt (jaktleder og felt):
Odvar Øien Rindhovda Sindre Stadeløkken Flatningen-Melingen Rolv M. Hidemstrædet Lemonsjø-Tesse Arne Reiremo Sjodalen Vest Atle Bakken Synslie-Kvitingen 1. periode Jermund Vassdokken Synslie-Kvitingen 2. periode Anna Bilstad Sjodalen Aust Egil Skogum 1. reserve John Rønningen 2. reserve
Dei andre jaktfelta i Langmorkje som er “ope for alle”, er med i hovudtrekninga på Inatur seinare i mai. Elles er fjellstyret med i samarbeidet om jakt i Nordherad fellesområde. Ang. søknad om elg-, hjort- og rådyrjakt der blir lagt ut på heimesida til Norherad grendelag. Fjellstyret vil også dette året opne for hjortejakt i nasjonalparken (Gjendeområdet), og som blir annonsert på heimesida seinare i mai.