Trekning av villreinjakt for innanbygds i statsallmenningane i Lom og Vågå.

Vilreinjakta blir trekt på open trekning på kommunehuset i Vågå (kommunestyresalen) den 16.mai, kl. 12.00. Alle som vil er velkomne!

Som mange kanskje har fått med seg så kan vi på bakgrunn av strengare personvernreglar i år ikkje publisere søknadslista eller trekningsliste for villreinjakta i statsallmenningane i Lom og Vågå. Norges fjellstyresamband har vurdert dette saman med jurister i Miljødirektoratet og Statskog, og kome fram til at slik regelverket er i dag og med dei forutsetningane søknadane vart henta inn på, ikkje kan publisere listene da det ikkje er i tråd med ny personopplysningslov/GDPR (Enkelt og litt “grovt” forklart er det slik at søkjarane måtte ha vore informert om at dei har moglegheit til å reserve seg mot å få navnet sitt publisert da dei søkte, for at vi skal kunne offentleggjera lister.) Denne avklaringa kom ganske nyleg (førre veka) så om nokon reagerer på at andre lister har vorte publisert tidlegare i vår, så er det rett og slett fordi det ikkje var klart kor strengt dette skulle handhevast.

Vi beklager dette, og Norges fjellstyresamband vil jobbe for å finne løysningar slik at vi kan publisere trekningslistene på ein egna måte seinare år.

Alle som blir uttrekt vil få beskjed på e-post etter at trekninga er gjennomført, dette gjeld både dei som får jaktkort, og reserver. Slik det ser ut nå vil ikkje dei som hadde jakt i Finndalen, Vårdalen eller Nordherad statsallmenning ifjor, og har søkt i år, bli med på trekninga i år (jmf rulleringsordninga). Tilbud om jakt blir utsendt med 14 dagars betalingsfrist.

Oskar Pettersen