Trekning av rådyrjakt 2021.

Rådyrjakta vart trekt på fjellstyrekontoret fredag 25.06. Det var stor interesse for jakta i år og, 55 søkjarar på 34 ledige kort. Av dei 34 ledige korta vart 15 kort tildelt som bukkejakt. Når det gjeld rådyrjakt stiller utan- og innanbygds likt. Med så stor interesse betyr det at av dei som vart uttrekt er det mange som ikkje har fått fyrsteynskjet sitt når det gjeld jaktfelt, og mange som søkte om bukkejakt har ikkje fått oppfylt det ynskjet.

Vågå kommune stilte med ein nøytral person (som ikkje var søkjar) som var til stades under trekninga. Dei som vart uttrekt vil motta to e-postar ein, med tilbudsbrev, og ein med faktura. I tillegg til dei som fekk tildelt jakt vart det uttrekt fem reserver.

Lista over dei som vart uttrekt, finn du her: Tildeling rådyr 2021

Oskar Pettersen