Tippekonkurranse på vekt fiskar under Randsverkmarknaden
146 av dei som var innum standen til Vågå fjellstyre under Randsverkmarknaden sist laurdag tippa vekta på dei to Lemonsjøfiskane i akvariet. Samla vekt på dei to var 892 gram. Christoffer Rudi og Knut Raastad hadde båe tippa 893 gram. Dei får kvar sin 1. premie, dvs. gratis opphald i to døgn i ei av utleigehyttene til fjellstyret. Linda Skurengslien tippa 890 gram, og får 2. premien (buff og to fiskeslukar). Både Eva Bergehagen og Ola Kvarberg tippa 889 gram, og får kvar sin 3. premie (to fiskeslukar).