Taksering av rype 2023

 

Det nærmar seg tid for taksering av rype. Opplegget blir som tidlegare år, med taksering av lirype i dei same områda, pluss eitt ekstra område i år, og med same mannskap. Det blir lagt vekt på å få eit bra inntrykk av produksjonen, ved registrering av talet på kull og kullstorleik. Resultat frå takseringane, samt andre tilbakemeldingar, som t.d. trening i treningsfeltet (frå 21. august), blir viktig grunnlag for eventuelle reguleringar av rypejakta. Dette vil det bli tatt stilling til ca. 5. september. Etter eit par sesongar med generelt dårleg produksjon, som førte til at fjellstyret freda rypa frå 30. september og ut sesongen både i fjor og i 2021, så knyter det seg ekstra spenning til årets produksjon. Vi har ingen taksering av fjellrype eller skogsfugl før jaktstart, difor set vi pris på å få tilbakemelding om observasjonar av kull nå framover. Kontakt fjelloppsynet dersom du ser noko interessant.

Oskar Pettersen