Småviltjakta 2022

Årets rypetaksering er gjennomført. Observasjonar frå takseringa, tilbakemeldingar frå bruk av treningsfeltet og jaktprøve sist helg i regi av Gudbrandsdal fuglehundklubb viser lokale variasjonar. Der det er observert kull, er desse generelt bra store og med bra store kyllingar. Småviltjakta startar som vanleg 15. september. For årets jakt er det som i fjor fastsett ei dagskvote på 1 rype pr. jeger. Jegerane blir oppfordra til ikkje å skyte enkeltfugl eller av einslege par. Etter ca. ei veke av jakta når vi veit meir om årets produksjon, spesielt ang. fjellrypa, vil det bli tatt stilling til eventuelt å innskrenke jakta etter “regulert” periode, dvs. etter dei 15 fyrste dagane. Det kan bli aktuelt å avslutte jakta på rype slik som det vart gjort i fjor, da rypa vart freda frå 30. september og ut sesongen. Eit eventuelt vedtak om freding eller eventuelt andre reguleringar, vil bli gjort seinast 25. september.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vågå fjellstyre stoppar jakt på rype frå 30. sept. og ut sesongen 2022/23

Neste
Neste

Trekningsliste rådyrjakt 2022