Salg av treningskort for fuglehund.

Vågå fjellstyre har opna for salg av treningskort for trening av fuglehund frå 14.10, tilbudet gjeld for både utanbygds og innanbygds. Alt kortsalg vil skje via Inatur, sidan dei fleste av kortselgjarane våre no har stengt for sesongen (Innanbygds som ynskjer å løyse treningskort må og bruke Inatur, men kryssar da av for rabatt for innanbygds). Innanbygds som løyste jaktkort for jakt med hund før vedtaket om stopp i rypejakta, fekk gjort om sine jaktkort til treningskort på rype og treng ikkje løyse nytt kort.

Treningskortet gjeld i heile Langmorkje statsallmenning, unnateke det arealet som ligg innanfor Jotunheimen Np, men all trening skal skje over tregrensa. Årsaka til dette er at treninga ikkje skal vera til hinder/ ulempe for den jakta som foregår i skogen. All trening skal skje utan bruk av startpistol, eller andre skytevåpen.

Vågå fjellstyre ynskjer å ha eit best mogleg organisert, og ordna tilbud til fuglehundeigarar, og sidan det ikkje er jakt på rype i år vil ikkje eit tilbud om trening bli til stor ulempe for utøving av anna jakt. Vurderingane er og at eit slik treningstilbud vil ha liten/ ingen negativ effekt på rypebestanden.

Treningskort løyser du her: Treningskort fuglehund

Oskar Pettersen