Renovering av Gjetarhytta ved Nedre Leirungen
Som nokre sikkert har fått med seg har Vågå fjellstyre i løpet av sommaren sett i gang å renovere bua ved Nedre Leirungen. Mykje av arbeidet er fullført, men som vanleg når ein skal pusse opp dukkar det opp litt meir arbeid enn ein ser for seg. Trehuseksperten er på det næraste ferdige med sitt arbeid. Bua har fått ei skikkeleg standarheving utvendig, med bl.a. ny kledning, nye glas og nytt tak (sjølvsagt og isolert opp at). Innvendig står det att noko arbeid, difor blir ikkje bua opna for utleige at før tidlegast 01.07.19. Den gamle peisen var moden for utskifting, så det har vorte montert ny vedovn og ny pipe. Elles blir rominndelinga endra slik at det no blir to soverom (med totalt 6-8 sengeplassar), og kjøkkenkroken har vorte flytta slik at det nå er kjøkken og stue i eitt rom. Lalm Handverksenter har laga ny kjøkkeninnreiing. Vi gler oss til arbeidet er ferdig, og vi kan ynskje velkome til nyoppussa hytte. Når arbeidet er ferdig vil all utleige skje via Inatur, og bua er open for alle (Beitelaget i Leirungsdalen vil disponere bua nokre døgn i løpet av beiteseongen i samband med tilsyn/ sanking av beitedyr).