Regulering av rypejakta 2024/2025

Vågå fjellstyre har i møte 2. september vedteke desse reguleringane for småviltjakta jaktsesongen 2024/25:

  • Dagskvote for rypejakt blir to ryper, med maksimalt ei fjellrype av desse to.

  • Orrhøne og røy blir freda.

  • For utanbygds jegere utan hund er det for den regulerte perioden (15.-29.09) seld 260 av 375 kort før jakta. Dei resterande korta blir ikkje lagt ut for sal.

  • Det blir innført ei regulering av utanbygds jegere utan hund også etter 30. september, med sal av inntil 30 sesongkort, 20 5-dagarskort og 5 dagskort pr. dag.

    Saka med vedtak finn du her.

Jakttid på rype er altså som før 2021/22-sesongen, dvs. 15. september til ut februar. Sal av jaktkort etter 30. september for utanbygds utan hund vil bli lagt ut for sal seinare i september. Dato for opning av sal vil vi publisere seinare.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hamneleigeavtale mellom fjellstyret og Vågå Tamrein AS

Neste
Neste

Fjellstyremøte 2. september 2024