Oskar Pettersen tilsett som fjelloppsyn

Fjellstyret vedtok i møte den 22. november samrøystes å tilby Oskar Pettersen den ledige stillinga som fjelloppsyn. Han har takka ja til tilbodet. Han arbeider i dag som nasjonalparkforvaltar i heimkommunen Saltdal. Det var i alt 52 søkjarar, og fire aktuelle kandidatar har vore inne til intervju. Dette var andre gongs utlysing av stillinga. Fordi alle dei fire som fekk tilbod etter fyrste gongs utlysing takka nei, og tilsettingsprosessen såleis hadde tatt ein del tid, valde fjellstyret difor å lyse ut stillinga på nytt.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ledig seter med dyrkingsparsell

Neste
Neste

Vågå fjellstyre stoppar jakt på rype frå 30. sept. og ut sesongen 2022/23