Opplegg for årets småviltjakt blir bestemt i fjellstyremøte 2. sept.

Taksering av lirype i Langmokje statsallmenning vart avslutta sist søndag, og har pågått over ei 10-dagarsperiode. Nytt frå i år er taksering etter opplegget i Hønsefuglportalen. Det er taksert ca. 70 km fordelt på 37 linjer. Resultata viser ein estimert tettheit på 24,6 ryper pr. km2 og ein kyllingproduksjon på 3,7 pr. par. Det er ingen tvil om at vi i år har fått ein bra oppgang i bestanden etter nokre år med til dels dårleg produksjon. Fjellstyret skal ha møte 2. september, og opplegget for årets småviltjakt blir bestemt da.  

Oskar Pettersen