Oppdateringar frå Gjende.

Forskarar frå NINA på el-fiske på Gjendeosen.

Forskarar frå NINA på el-fiske på Gjendeosen.

Mange er spente på korleis situasjonen på Gjende utviklar seg. Når det gjeld fisket er tilbakemeldingane frå fiskarane så langt i sesongen positive. Uti frå garnfangster ser det ut som fisken er i betre kondisjon enn dei to førre somrane, men det blir fortsatt teke noko små fisk på oter. Stongfiskarar på osen melder og om ei betring frå i fjor når det gjeld kvailtet på fisken. Så om ein ikkje kan “friskmelde” fisken på Gjende enno, så er det ihvertfall positive trekk i utviklinga. Så da er det berre å koma seg til fjells på fisking!

NINA er igang med undersøkingane rundt Gjendeosen på oppdrag frå Vågå kommune, og hadde fyrste dagen med feltundersøkingar denne veka. På bildet er det Stein Ivar Johnsen og Kim Magnus Bærum som driv el-fiske for å fange yngel/småfisk for prøvetaking. Dei foretok og noko undersøkingar av korleis situasjonen med Gjendeflua er, fyrsteinntrykket var at det var lite larver å sjå, men det er for tidleg å trekkje konklusjonar.

Oskar Pettersen