Hjortejakt ved Gjende og i Nordherad
Hjortejakt ved Gjende
Fjellstyret lyser med dette ut hjortejakt ved Gjende, dvs. i Jotunheimen nasjonalpark i Vågå kommune 2024. Ledig for innanbygds jaktlag, dvs. at fleire enn halvparten, inkludert jaktleder må vera innanbygds. Krav om minimum tre jegerar, og laget må ha eigen godkjent ettersøksekvipasje. Jaktlag med jeger/jegerar som ikkje har elg-/hjortejakt i ei anna statsallmenning (inkludert Nordherad fellesområde) eller i eit anna jaktfelt i Langmorkje i 2024, blir prioritert fyrst. I utgangspunktet er kvota på ein fri bukk. Jakttid 01.09 – 30.11. Grunnpris kr. 1.500, kg-pris ved felling kr. 80. Søknad med liste over alle på jaktlaget skal sendast til Vågå fjellstyre på e-post: vaga@fjellstyrene.no. Søknadsfrist: 25. juni 2024. For meir informasjon: Knut Øyjordet, 90966277
Hjortejakt i Nordherad
I Nordherad fellesområde har fjellstyret ei samarbeidsavtale med Nordherad grunneigarlag og Nordherad bygdealmenning om forvaltning av jakt. Det er grunneigarlaget som administrerer elg- og hjortejakta. Denne jakta er delt i to felt, der hovedfeltet blir tildelt jaktlag for tre år om gongen (2022-24). I det andre feltet, der det meste av arealet ligg i Nordherad statsallmenning, er det opna for jakt på hjort. I dei seinare åra har to jaktlag fått jakt her. Jakta er annonsert på Nordherad.no. Der står det meir om jakta (pris, jakttid, krav om antal jegere i laget osv). Søknadsfristen er 25. juni. Ola Kvarberg er kontaktperson (tlf. 91777155).
Samarbeidsavtala om jakt i Nordherad fellesområde finn du her