Fellingsstatistikk for elg og hjort i Vågå i 2019.

Ukse 275 kg, felt på Lemonsjø-Tessefeltet (foto: Jon Inge Løkken)

Sida med statistikk for storviltjakta er nå oppdatert med tala frå 2019.

Fellingsstatistikk for elg og hjort i Vågå i 2019, viser felte dyr (fordelt på jaktfelt, med opplysningar om alder, kjønn og slaktevekt) for både viltområde Vågå/ Sel Nord og Vågå Sør. Hjorten blir aldersbestemt av NINA (Norsk Institutt for Naturforskning) som eit ledd i det nasjonale overvakingsprogrammet for hjort. Hjortekjevene blir difor levert i Trondheim, difor er ikkje alderen på hjort klar enda.

Elles vart det rekordfelling av elg i Langmorkje med 46 felte dyr (av ei kvote på 48) . Det vart felt noko fleire vaksne elgkyr enn vanleg, men 5 av dei hadde slaktevekt er under 150 kg, og blir difor godkjent som ungdyr. Eldste elgen i år var ein ukse på 10 år felt i Sjodalen, største dyret som vart felt var ein elgukse på 275 kg felt på Lemonsjø-Tessefeltet (Foto: Jon Inge Løkken)

Statistikkane finn du her: https://www.vaga-fjellstyre.no/storviltjakt#statistikk

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fiskekortsalg 2019

Neste
Neste

Opning for salg av jaktkort med fuglehund til utanbygds hausten 2019.