Fellingsresultat elg-, hjort-, og rådyrjakta 2024

Fellingsresultatet for elg-, hjort- og rådyrjakta 2024 er nå klart, og med alder på all elgen. På heimesida her under «Storviltjakt» finn du diverse statistikkar, m.a. felling av elg i Langmorkje frå 1990, felling av elg, hjort og rådyr i dei ulike jaktområda i Vågå Sør viltområde 2024, samt samla for Vågå Sør frå år 2000.

I tillegg er fellingsresultat for elg- og hjortjakta i alle jaktfelta i Vågå (Vågå Sør og Vågå/Sel Nord) lagt ut, med data for kvart enkelt dyr, og med alder på alle elgar. Vågå kommune er ennå med i overvakingsprogrammet for hjort i Norge, og alle hjortkjevar er difor sendt til NINA i Trondheim for m.a. aldersbestemming. Resultatet av dette er ikkje klart før utpå våren.

I Vågå kommune vart det i 2024 felt totalt 73 elgar og 126 hjort. Dette omfattar alle jaktfelt på Vågå Sør, felta i Vågå-Sel Nord som ligg i Vågå, samt felta i Skaihø viltområde som ligg i Vågå (Nordherad og Skårvangen).

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fjellstyremøte torsdag 20. februar

Neste
Neste

Fjellstyremøte torsdag 17. oktober 2024