7. klasse på fisketur ved Melingen

“Fiskemåging” ved Flokka

7. klassingane i Vågå var på fisketur ved Melingen, frå 9. til 10. september. Turen er årviss, og har vorte ein tradisjon sidan det starta opp rundt 2005. Turen kjem istand som eit samarbeid mellom skulane i Vågå, Vågå JFF og Vågå fjellstyre. Elevar, og lærarar, overnattar i telt, tilsette frå Vågå fjellstyre, og frivillige frå Vågå JFF er med og legg til rette for å få gjennomført ei natt med garnfiske. Det vart sett 12 garn, med ulik maskevidde, som ga ei fangst på mellom 30 og 40 fiskar. Fisken vart renska , grilla på bålet i folie, med smør og salt, og oppete på staden. Det er like triveleg kvart år å få møte glade og interesserte elevar, som kosar seg på tur (sjølv om natta vart regnfull). Vi må takke dei to som kvart år låner ut sine private båtar, og ikkje minst dei frivillige frå Vågå JFF. Enkelte har vore med sidan starten, og stiller opp år etter år, like blide og med like mykjy tålmod kvart år.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vågå fjellstyre stoppar rypejakta frå 30.09. og ut sesongen 2021/22

Neste
Neste

Kvote på rypejakt sesongen 2021/22.