Småviltjakt

 

Fjellområda på båe sider av Sjodalen er lett tilgjengelege både om hausten og vinterstid, og dei er difor svært populære for dei som driv med rypejakt, både etter lirype og fjellrype. Dei store skogsområda i Sjodalen og i Randsverk-/Lemonsjøområdet gjer Langmorkje statsallmenning attraktiv også for skogsfugljakt og for jakt med harehund.

Småviltjakt utan hund - utanbygds

I Langmorkje statsallmenning er jakttida for småvilt frå 15. september og ut februar (med unntak for dei artane som det er opna for jakt på gjennom smårovviltkortet). I perioden 15.09-29.09 er det begrensa kortsalg for utanbygds jegerar utan hund. Korta er fordelt på tre 5-dagarsperioder med 125 kort i kvar periode. Jaktkorta blir tildelt etter søknad og trekning, søknad skjer på Inatur, søknadsfristen er 1. april. Det blir opna for søknad fyrst i mars. Følg linken her for å koma til søknadssida: Søknad småviltjakt utan hund.

Frå 30. september og ut februar er det normalt fritt kortsalg. Jaktkort kan da løysast på Inatur eller hjå ein av dei lokale kortseljarane. Sesongane (2021/22 og 2022/23) har rypa vorte freda frå 30. september, og i 2023/24 vart rypa totalfreda pga. liten produksjon.

Småviltjakt med hund - utanbygds

For fugljakt med hund for utanbygdsbuande har Vågå fjellstyre totalt 70 kort som blir fordelt etter loddtrekning, søknadsfristen er 1. april. Bruk søknadsskjemaet på heimesida her.

Dei 70 korta er fordelt på to 5-dagarsperioder, og med jaktstart den 15. september. Periode 1 går da i tida 15.-19. sept. og periode 2 i tida 20.-24. sept. Utanbygds jegarar med hund er fordelt på tre felt (sjå fjellstyret sitt jakt- og fiskekart litt lenger ned på sida her for å sjå feltinndelinga). Det er for tida ikkje opna for rypejakt med hund for utanbygds utover desse periodene. Men fjellstyret kan opne for eit avgrensa kortsal for jakt med fuglehund for utanbygds seinare utpå hausten dersom årets produksjon tilseier det. Så snart trekninga er klar blir resultatet lagt ut her på heimesida. Dei som blir trekt ut får tilsendt tilbud og faktura på e-post. Vi mottek årleg mellom 100-150 søknadar som omfattar 200-250 personar (mange søkjer saman som lag).

Vågå fjellstyre har ei ordning med treårsavtaler for utanbygds jegerar som får tildelt jakt med fuglehund. Det fungerer slik at kvart år blir eitt felt i kvar periode trekt ut med tilbud om treårsavtale, felt/periode rullerer etter eit fast mønster. Dei som blir uttrekt kan difor ha jakt samanhengjande i same feltet/jaktperioden i tre år. Det vil og kvart år vera ein del kort som er ledige for eitt eller to år, etter som jegerar av ulike grunnar takkar nei til kort andre eller tredje året. Ein kan difor få tilbud om jakt i eitt, to eller tre år, alt etter som når ein blir trekt ut, og evt. kvar/når ein ønskjer å jakte.

Vågå fjellstyre nyttar dagskvote på rype. Dagskvota blir offentleggjort her på heimesida og på Inatur når den er bestemt, normalt mellom 5. og 10. september etter at taksering er gjennomført.

Harejakt med hund - utanbygds

Harejakta for utanbygdsbuande startar 11. oktober. Fyrste veka er det totalt 25 kort fordelt på tre felt, som blir fordelt etter loddtrekning og med søknadsfrist som for rypejakta (1.april). Frå 18. oktober til 23. desember er det fritt kortsal. Harejakta for utanbygds med hund i begrensa periode (11.-17. okt) blir trekt med tilbod om tre år. Ledige kort dei åra det ikkje er trekning blir tildelt fortløpande etter som jegerane melder seg. Det var "hovudtrekning" av harejakta i 2020, neste 3-årsperiode startar da i 2023.

Nordherad fellesområde

Fjellstyret administerer også småviltjakta i Nordherad Fellesområde. Dette er eit mindre område på nordsida av Ottadalen, og er eit samarbeid mellom Nordherad bygdealmenning, Nordherad grunneigarlag og Vågå fjellstyre (Nordherad statsallmenning). Jakttida er i tida15.09 - 28/29.02, jaktområdet er avgrensa av Vågåvatnet i sør, Finna i nord og grensa mot Lom kommune i vest. Det er her berre opna for støkkjakt på m.a. rype og skogsfugl, men det er lov med hund på harejakt, også for utanbygds i tida 1.10 - 23.12 (det er ikkje lov med harehund mellom Vågåvatnet og øvre Nordheradsvegen). Jaktkort for Nordherad fellesområde får ein kjøpt på YX i Vågåmo.

 

Oversikt over felt/ periode som skal trekkjast med tilbud om treårsavtale dei neste tre åra:

 
 

søknadsskjema småviltjakt

 

Trykk på knappen under for å åpne søknadsskjemaet.

 

Kortsal og prisar

I perioden 15.09-29.09 er det avgrensa kortsalg for utanbygds utan hund. Jaktkort blir tildelt etter søknad, og trekning. Søknad skjer via Inatur innan 01.04. Etter 30.09 kan det løysast både dagskort, 3-dagars-, vekes- og sesongkort. Kvittering for betalt jegeravgift må visast fram ved kjøp av kort. Kort er å få kjøpt på på Inatur, og det kan bli lagt ut kortblokker hjå enkelte lokale kortselgjarar. Ved kjøp av kort blir det utdelt eit tilleggsark om reglar m.m.

Priser

Småviltjakt utan hund i Langmorkje (sist regulert i 2021)

Småviltjakt med hund i Langmorkje (sist regulert i 2020)

  • *Gjeld jakt med harehund etter 17.10.

  • ** Gjeld jakt med hund i begrensa periode (vekekort for harehund- eller 5-døgnskort med fuglehund)

reglar

Reglane for småviltjakt blir delt ut ved kjøp av kort. Ved kjøp av kort på iNatur, må reglane skrivast ut. Reglane for utøving av småviltjakt i Langmorkje statsallmenning, som fjellstyret har vedteke i medhald av Fjellova finn du i linken under.

Småviltjakt reglar

statistikk

 

For å følgje med i utviklinga av småviltbestandane, er jaktstatistikken viktig for fjellstyret. Jaktrapport skal fyllast ut og leverast etter jakta. Vi foretrekkjer at den blir sendt elektronisk, du kan bruke rapportskjemaet som du finn her på heimesida. Dei som løyser kort på Inatur nyttar rapportløysing der. Det er viktig at rapporten blir levert, den er med å gjev oss viktig informasjon om bestandane av småvilt, og er eit viktig hjelpemiddel i forvaltninga. Hugs at du må levere to rapportar, ein til jaktrettshavar og ein til SSB. 

Nedanfor har vi lagt ut jakt-/fangststatistikk for dei to siste sesongane (2021/22 og 2022/23) samt samla for Langmorkje statsallmenning for perioden 2010-2020: Jaktstatistikk 2021/22, Jaktstatistikk 2022/23, Jaktstatistikk Langmorkje 2023/24, Jaktstatistikk Langmorkje 2010-2020. I tillegg er det lagt ut: Historikk om tilbod småviltjakt og diverse reguleringar, samt kommentarar ang. rypebestandane frå 1997.

Vågå fjellstyre har dei seinare åra seld mellom 1400 og 2000 jaktkort for småviltjakt. Dei fleste av desse korta er 1- og 3-døgnskort for utanbygds jegarar utan hund. For innanbygds jegarar er kortsalet ganske stabilt på 90-120 kort i året, dei fleste av desse er sesongkort. For jakt med harehund etter den 18. oktober varierer kortsalget noko, avhengig av jaktforholda utover hausten.

Interessa for småviltjakt er stor. Vågå fjellstyre har, som eitt av svært få fjellstyre valt å behalde ordninga med fritt kortsal for støkkjakt. Sjølvsagt heile tida vurdert opp mot det jakttrykket ein meiner bestanden tåler. For å begrense uttaket av rype, har ein sidan 2012 nytta seg av dagskvote. Men talet på jegerar har likevel auka mykje dei siste åra. Fjellstyret vedtok difor å gå bort frå det frie kortsalget for utanbygds utan hund frå og med sesongen 2021/22, og gjekk over til tildeling etter søknad og trekning for dei 15 fyrste dagane (15.09 til 29.09), med tre 5-dagarsperioder.

Heile statistikken, som viser kortsalet frå 2010 og utover, finn du her: Jaktkortsal småviltjakta

Taksering av lirype

Her ligg takseringsresultat for dei tre siste åra i Langmorkje Statsallmenning:

Taksering 2021

Taksering 2022

Taksering 2023

jakt og fiskekart

Vågå fjellstyre har eit eige jakt og fiskekart i målestokk 1: 100 000. Kartet er eit greitt oversiktskart som tydeleg viser grenser til omkringliggjande område, og inndelinga i jaktfelt som er brukt ved jakt med fuglehund for utanbygds. Kartet får du kjøpt på dei fleste plassane som sel jaktkort for Vågå fjellstyre. Det er trykk på båe sider, ei kartside, og ei bakside med ein del informasjon (stort sett er det same informasjonen du finn på heimesida)

Kartdelen finn du her: Jakt og fiskekart

JAKTRAPPORT

Trykk på knappen under for å åpne skjemaet.

Treningsfelt for fuglehund

Etter Hundelova er det krav om fjellstyret sitt samtykke for å drive jakthundtrening i statsallmenning (Hundelova sin § 8, 1.ledd: jakthundtrening, jakthundprøver, og dressur kan bare foregå med samtykke av grunneieren eller den som har en allmen bruksrett til eiendommen. For statsallmeningane gis samtykke av fjellstyret.)

Vågå fjellstyre har opna for fuglehundtrening i to perioder, haust og vinter, mot løysing av kort. Treninga skal skje utan gevær, eller bruk av startpistol, og det er lov å ha kun ein hund laus om gongen.

Haust:
Om hausten f.o.m 21. august t.om. 14. september skal treninga foregå i treningsfeltet i området Hoskelia/Maurvangen mot grensa til Øystre Slidre. Det er treningsfeltet som vart etablert i 1966, og er nok kjent område for mange fuglehundeigarar. Feltet er avgrensa slik: Nedre grense er Øvre Sjodalsvatn, Sjoa elv opp til Maurvangsbrua,og Valdresflyvegen (Rv. 51) fram til grensa mot Øystre Slidre. 

I nord går grensa frå Hoskeodden og følgjer Hoska/ Storskriubekken mot Sikkilsdalsmunnen opp til grensa mot Nord-Fron. Følgjer så Nord-Fron si grense mot pkt. 1843 Heimdalshø, frå der i rett line ned til Sandbakkbekken. I sør er grensa mot Øystre Slidre.

Vinter:
Frå vinteren 2009 vart det opna for trening av fuglehund i perioden 1. februar til 31. mars. Treninga kan da foregå i heile Langmorkje statsallmenning, med unntak av den delen av almenninga i Vågå som ligg innanfor Jotunheimen nasjonalpark.

Kortsal og prisar:
Kort får ein kjøpt på  Randsverk kiosk og camping, Bessheim, Besseggen fjellpark/ Maurvangen og på fjellstyret si side for kjøp av jaktkort på Inatur ved å trykkje her. Prisane er kr. 50,- pr. døgn, eller kr. 200,- for eit periodekort. Innanbygds løyser eige kort.

Generelle reglar:
I februar kan det foregå småviltjakt utan hund i området. Ta hensyn til evt. jegerar slik at treninga blir til minst mogleg ulempe for utøving av jakt.
Innanfor treningsområdet kan ein også treffe på tamrein. I tamreinområde gjeld særskilde reglar for aktsemd, ved ferdsel, og bruk av hund. Det er gjeve reglar om dette både i Hundelova, og Reindriftslova.

Hundelova, § 7. Særlig om sikring av hund der tamrein beiter
I områder der tamrein lovlig beiter, skal hundeholderen se til at hunden ikke unødig uroer eller skremmer rein, selv om den er under kontroll eller bundet. Reinens eier kan kreve at en hund som uroer rein, blir holdt innestengt mens rein blir flyttet forbi bosted, seter eller hytte. Fylkesmannen kan gi forskrift om at hunder skal holdes i bånd eller forsvarlig innestengt eller inngjerdet når hensynet til reindriften tilsier det. 
Om ferdsel med hund i område hvor tamrein beiter, gjelder også reindriftsloven § 65.
Reindriftsloven § 65, 1. ledd. Ferdsel i område hvor rein beiter  De som ferdes i område hvor rein beiter, plikter å vise hensyn og opptre med varsomhet slik at reinen ikke unødig uroes eller skremmes under beiting, flytting mv. Særlig hensyn skal vises i forbindelse med reinens brunsttid, kalving, merking, skilling og slakting.