Seterdrift, beite og tamreindrift

 

Sjodalen er frå gammalt ein svært markant seterdal, og området er kjend for sine store seterhus. Den spesielle tradisjonen med vintersetring (”vinterlego”) heldt seg fram til 1930-åra. Det var mykje enklare å flytte til setra med buskapen enn å kjøre den lange vegen heim med fòret. Dei reiste til setra i første halvdel av november og var der til ut i februar. Vintersetring er spesielt for Gudbrandsdalen, og det er ingen stad dette har vore drivi i så stort omfang som i Vågå.

ku2.jpg

I Langmorkje statsallmenning er det i dag totalt ca. 160 setrer. Om lag 10 av desse er i tradisjonell bruk med mjølkeproduksjon. Det er to fellessetrer for geit i Griningsdalen. Dei aller fleste setrene blir hausta/beita. Dei viktigaste beiteområda for sau er Leirungsdalen, Russdalen, Hindflyene, Refjellet og Heimfjellet. For enkelte område i Sjodalen er saudrifta organisert med tilsyn av gjetar. Fjellstyret har gjennom fleire år gjeve økonomisk støtte til gjetarordninga.

Etter kvart som byane voks fram i førre hundreåret, utvikla det seg ei anna utnytting av fjellet. Det gode fjellbeitet var ein viktig ressurs som bygdefolket visste å nytte. Driftekarane kjøpte opp fe om vinteren, og utpå forsommaren dreiv dei krøterflokkane til fjells. Her overnatta dei i enkle steinbuer. I Leirungsdalen finst det restar etter slike felæger. Før jernbana kom dreiv dei fedriftene sine over fjellet for å kome til kjøparane, ofte heilt til Kristiania.

bukk.jpg

Vågå Tamrein AS som vart skipa i 1942, nyttar store delar av snaufjellet i Langmorkje statsallmenning. Kalvinga om våren skjer inst i Sjodalen. Sommar- og haustbeitet er på aust- og sørsida av Sjodalen og om vinteren på vestsida heilt fram til og med Heimfjellet, dvs. i Lemonsjøområdet og framover mot bygda, i tillegg leiger dei vinterbeite i området rundt Heidalsmuen. Tamreinlaget har inntak for slakting på Valdresflya og ved Fuglesetrene i Randsverk.