eldorado

Fisken blir produsert i AS Vågåfisk, eit fiskekultiveringsanlegg som ligg i Randsverk, og som fjellstyret er medeigar i. Fisken som blir sett ut er av lokale stammer, hovudsakleg frå Gjende og Lemonsjøen. Dei tilsette i Vågå fjellstyre er saman med ein deltidstilsett i AS Vågåfisk ansvarlege for den daglege drifta av anlegget. Det er pålagt minst 4 veterinærbesøk i året, all fisk som blir utsett er kontrollert for å væra sikker på at ein ikkje sprer sjukdomar eller parasittar med settefisken.

Ved utsetjing blir fisken transportert anten i kasser, med oksygentilførsel, eller i plastsekker som er fylt med vatn og oksygen og som blir snørt slik at dei er heilt tette. Transporten skjer med bil og båt der det er veg inntil, eller til fots med fisken i ryggsekken.

Vågå fjellstyre har dei siste åra sett ut i gjennomsnitt 13000 settefisk kvart år. Mesteparten av den er 2- somrig eller 2 årig, det vil seie at den er i størrelsen 4,5-7,5 cm. eller 7,5-10 cm. Det er fleire årsaker til at ein vel å setja ut såpass "liten" fisk, men ei av hovudårsakene er at den tåler transporten, og handteringa ved utsetjing betre enn større fisk. Tabell som viser utsetjing av fisk frå 1993 til 2017 finn du her: pdfUtsetting fisk 1993-2017



Fjelloppsyn Knut Øyjordet set ut fisk i Diprtjønn

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a