eldorado

REGISTRERING AV MERKA FISK 


Fiskeutsetjing Flatningen

Merka fisk er fisk med klipt feittfinne og som er utsett som 2-somrig/2-årig settefisk. Merkinga starta opp i 1998. For mengde utsett fisk blir det vist til tabell over fiskeutsettingar frå 1993 (lagt ut på heimesida til fjellstyret). Dei siste ti åra har det årleg vore sett ut 5.000  settefisk på Lemonsjøen. Fram til 2014 var det årleg sett ut 4000 på Flatningen, med bakgrunn i registreringane av merka fisk, og vurdering av fiskebestanden på Flatningen vart utsettet redusert til 2000 ifrå 2015. Målet med registreringa er på sikt å finne ut kor stor del av aurebestanden som er utsett og kor stor del som er rekruttert naturleg. Dette er til stor hjelp i kultiveringa. Registrering av merka fisk blir gjort av enkelte fiskarar, som stiller velvillig opp og fyller tala inn på eit skjema, og leverer det inn kvar haust etter fiskesesongen. Registreringa så langt viser at det er langt mindre med merka fisk i fangstane på Flatningen enn på Lemonsjøen. 

Oversikt over årleg gjenfangst av merka fisk på Lemonsjøen og Flatningen finn du her:  pdfRegistrert merka fisk - oversikt

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a 

impotenspiller-24h.com/sverige-cialis-billigt-pa-natet.html