eldorado

space

Jakt1

Rypejakta for utanbygds med hund vart trekt på open trekning på fjellstyrekontoret 6. april, kl. 10.00. Interessa for rypejakt med hund er stabilt høg, og vi hadde i år 131 søknadar, som omfatta 255 søkjarar (mange søkjer fleire saman som "lag"). I år var det felt B, 1. periode og felt C, 2. periode som skulle ut. I tillegg var det nokre ledige kort i andre felt/ perioder, totalt 33 kort. Dersom det blir ledige kort etter fyrste trekninga vil vi trekkje reserver, når vi har oversikt over kor mange kort som blir ledige ( Dette skjer etter den 20.04). 

Når det gjeld harejakta var jakta i begrensa periode 11.10-17.10 lyst ut for ei ny treårsperiode i 2017. Alle som hadde harejakt i begrensa periode i 2017, har fått tilbud, ein søkjar som hadde søkt innan fristen får tilbud om ledig kort.

Tilbud om jakt, med faktura og følgjeskriv, blir sendt ut til den e-postadressa som er oppgjeve i søknaden (2 søkjarar mangla fungerande e-postadresse og får svaret i posten). Om nokon ikkje får e-post frå oss før helga ber vi om at dei varslar oss. Det er lurt å sjekke "søppelkassa" i e-posten da det hendar at desse e-postane med fleire vedlegg havnar der.

Trekningsliste for rypejakt med hund for utanbygds 2018 finn du her: pdfTrekningsliste 2018

No result...
Ynskjer du å bli varsla på mail om
aktuelle sakar og nyheiter?

space

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a